Kategoriarkiv: Årbok

Dølaminne – årbok for Hallingdal

Dølaminne 2016 er her!

14595563_1144931032256887_5595379468866075113_n

Innhald:

Hallgrim Berg: Eventyret om Toradertrioen frå Hallingdal
Olav W. Sveinsson: Lensmann Galtung, 1833-1923
Jahn Wilhelm Berg: 2 dager og 1 natt i snøen på fjellet
Ola K. Akervold: Toppjakt og tiurens skade på skogen
Øyvin Rannem: Tegneren og hemsedølen Trygve M. Davidsen
Halgrim Ulsaker: Framvoksteren av folkeskulen i Gol frå 1739 til utpå 1900-talet
Thor Warberg: Den heite valkampen i 1894 og myrmennene i Ål
Olav W. Sveinsson: Påverud’n
Eva Almhjell: «… for kvinnesakskvinnene var det berre tidtrøyte, kan De veta! …»
Arne Horge: Frå berget det blå
Gro Randen: Livstakkane i Ål og Hol
Einar O. Hanserud: Gamle geografiske namn i Nes
Frå Hallingdølen 5.2.1948: Rådsnar 8-åring
Birgit Einarsen, f. Tveito: An må då kåma i hug at dæ æ slekte, bruktæ ‘o mor å sea
Olav W. Sveinsson: Den svenske landskapsfotografen Axel Lindahl på reise i Hallingdal
Olav Dokk: Når lukka er betre enn forstanden
Ellen Anne Pedersen: Jernvinna i Nes
Gudrun Bøthun: Historia om Birgit og skuleguten
Leif Olav Klype: Vegvokteren
Hallgrim Berg: Tusen tilskipingar, ti tusen låttar …
Dr. philos. Lars S. Reinton: Den glade vitskap
Kirsten Aarstad Hallgrimson: «Ein neger» på Nes stasjon

Forord 2016

Då kulturmedvitne ålingar på 1970-talet med dristig mot starta Folkemusikkveka, var folkemusikk ei affære for dei få, og helst for dei godt opp i åra. Trudde me. Ei oppvakning var vel på gang andre stader òg, men det kan ikkje vera tvil om at Folkemusikkveka på Ål vart eit viktig instrument for å skape nytt liv kring denne musikkforma, feste taket på eit nytt og yngre publikum og gje folkemusikken status. Om lag samstundes dukka Toradertrioen opp i alle kanalar og sette Halling – dal på det musikalske kartet over heile landet, ja, i Sverige med!
Dette er eit kapittel verdt i Hallingdals nære historie. Når det me kunne kalle bygdenorske kulturuttrykk var ved å gå under i bølgjene frå den internasjonale musikkarenaen, var det nokon som tok tak. Det dreia seg ikkje berre om utøvarar som ufortent vart bortgøymde, men like mykje om identitet og særmerke. Det som var «vårt».

Dette store omskiftet for nokre tiår sidan fortel at kulturuttrykk aldri er faste og endelege. Dei endrar seg og let seg endre – ofte på overraskande vis. Kven kunne tru at ei varemesse på Gol skulle skape klesmote? Men det gjorde ho – i 1936. I årets Dølaminne kan du lesa om korleis livstakken brått vart ein lokal kvinnemote. Slik det ofte er, var det dei yngre mot dei eldre. Men dei gamle laut bøye av, og den nye moten fekk ei lang levetid til mote å vera.

Som faste lesarar sikkert har lagt merke til, har Dølaminne begynt å flotte seg med meir og større bilete. Fotografisk kjeldemateriale er viktig lokalhistorie det òg – det formidlar kunnskap og innsyn rett inn i auga utan vanskelegare omvegar via ord. Dei som styrer med bygdearkiva rundt om i dalen gjer ein formidabel jobb! I årets Dølaminne har me dessutan æra av å presentere Hallingdal slik den svenske fotografen Axel Lindahl såg han i 1890.

Lokalhistoria har vel alltids lett for å dreie seg mest om materielle forhold og harde fakta. Men når folk minnest «gamle dagar», er det ofte andre sider ved menneskelivet dei er opptekne av. Me som steller med Dølaminne, prøver å rette oss etter det – det er mangfaldet i stoffet som gjer susen. I dette ligg også ei oppmoding til deg og alle andre som les dette. Det er mange som, når ein tenkjer seg om, har noko å fortelja frå nær eller fjern fortid. Og me tek gladeleg imot!

Utgjevar

Utgjevinga av Dølaminne er eit samarbeid mellom Hallingdal Museum og Hallingdal Historielag, som er ei samanslutning av historielaga i Flå, Gol, Hemsedal, Hol, Nes og Ål. Dølaminne kjem ut i november kvart år.

Abonnement

Du kan teikne deg som abonnent på årboka – det er det billegaste og du får boka i postkassa. Med boka følgjer innbetalingsgiro for neste år. Abonnementet stoppar automatisk om du ikkje betalar.

Pris abonnement for 2016: Kr. 250,-

Abonnement kan tingast med e-post til mhmehlum@online.no, eller Eidal.Berg@buskerudmuseet.no, pr. tlf. 32071485 eller til postadresse: Dølaminne, Hallingdal Museum, Møllevegen 18, 3540 Nesbyen.

Laussal

Dølaminne er til sals i alle bokhandlane, Hallingdal Museum og historielaga.

Pris laussal for 2016: Kr. 300,-

Styret i Hallingdal Historielag er styre for Dølaminne:

Leiar: Torgeir Medbøen, Flå. Vara: Egil Stillingen, Flå
Nestleiar: Knut Medhus, Hol. Vara: Torstein Seim, Hol
Skrivar: Margarethe L’Orange, Gol. Vara: Oddmund Brekko, Gol
Kasserar: Olav W. Sveinsson, Nes. Vara: Leif Olav Klype, Nes
Styremedlem: Kari Bjerkheim. Vara: Odd Bekkevold, Hemsedal
Styremedlem: Thor Warberg, Ål. Vara: Maria Høgetveit Berg, Ål
Styremedlem for Hallingdal Museum: Marit Holme Mehlum, Bromma. Vara: Aud Eidal Berg, Flå

Dagleg leiar for Dølaminnesaker (ekspedisjon):
Aud Eidal Berg, Hallingdal Museum, Møllevegen 18, 3540 Nesbyen.
Tlf. 32071485, Eidal.Berg@buskerudmuseet.no
Adresse til styreleiar Torgeir Medbøen er:
Søbygde 84, 3539 Flå. E-post: torgeime@online.no

Redaksjonen

Marit Holme Mehlum
Bromma, 3540 Nesbyen, tlf. 98067805
E-post: mhmehlum@online.no

Kjell Snerte
Torsetlia, 3560 Hemsedal
Tlf. 32060520
E-post: k.snerte@online.no

Stoff til Dølaminne 2017

Send inn artiklar innan 1. mai 2017 til redaktørane eller til Dølaminne, Hallingdal Museum, Møllevegen 18, 3540 Nesbyen og ta gjerne kontakt med ein av redaktørane undervegs. Har du tips og kunnskap om emne frå nær eller fjern fortid som det bør skrivast om, men ikkje vil skrive sjølv, er Dølaminne svært interessert i det! Ta kontakt med ein av redaktørane eller den lokale styrerepresentanten. Aktive lesarar gir ei betre årbok!

Forfattarane er ansvarlege for innhaldet i artiklar som er signerte. Alle bidragsytarar får to eksemplar av årboka tilsendt.