SØK UNGDOMSBIDRAGET!
Hallingdal Historielag gjev årleg ut “Dølaminne”. Dei fyrste vart utgjevne i 1917! Regelmessig frå 1968.
Dette er ei ettertrakta bok med lang tradisjon, mange forfattarar og historiske artiklar. Men me ynskjer oss stendig fleire idèar til stoff og artiklar som kan nyttast! Du som ung kan ha ein spesiell fordel.
Dine fordeler...
- Inntil kr 25.000 blir utdelt årleg etter søknad
- Drøft særoppgåve for videregåande bachelor eller mastergrad med oss.
- Veiledning så di oppgåve kan presenterast i vår årbok “Dølaminne”
Kva for del av historia er du interessert i å formidle? Vi tek drøftinga med deg.
Me i Hallingdal Historielag vil oppmuntre ungdom til å aktivt å velge emne i sine studier med relevans og tilknytting til Hallingdal si historie.
Føresetnaden for å bli tildelt stipend er at oppgåva i etterkant let seg tilpasse den forma Dølaminne har, og at forfattaren gjer dette gjerne i samråd med redaksjonen .
Spesielt ynksjer vi akkurat deg , som er ein ungdom med interesse for historie, å ta kontakt med oss og drøfte ditt bidrag!
Inntil kr 25.000 blir utdelt samla etter søknad kvart år for gode bidrag.
Interessert? Send oss din kontaktinformasjon og skisse av oppgåva di
Om du har spørsmål –
ta kontakt med ein av desse:
Redaktør: Olav Sataslåtten, ..mobil 936 25 067
Styreleiar: Gudmund Brekko, …mobil 932 59 380