Ta vare på røtene – les Dølaminne!
«Hallingdal er fullt av historier som fortener å bli tatt vare på – av både hallingar og hytte-hallingar. Årets Dølaminne gir deg dei mest gripande forteljingane frå dalen du kallar heim, eller hytta di.
Dette er boka som høyrer heime på stovebordet, på hytta og i sekken på veg til fjells. Sikre deg lesestoff som vil underhalde deg!
Ting abonnement, kjøp direkte på utsalstader eller direkte hjå ditt lokale historielag!
Abonnement gjev rabatt – “Sikre deg årets bok”
Få Dølaminne levert – enkelt, trygt og utan styr? Teikn abonnement og få årets bok rett i postkassa, kvart einaste år, eller utlevert frå lokalt historielag. Du betaler forskotsvis med nettbank eller VIPPS og abonnementet fornyar seg berre dersom du ønskjer det. Dette er enklaste måten å vere sikra Hallingdal si årlege historiske artikkelsamling frå Hallingdal.
Kjøp utan binding – “Vel dei årgangane du vil ha”
Plukk dine favorittar – ingen medlemskap, ingen forpliktingar. Kjøp Dølaminne akkurat når det passar deg. Årets utgåve, eldre årgangar eller spesialnummer – du vel sjølv. Perfekt for deg som vil komplettere samlinga eller berre ha dei utgåvene som betyr mest. Vi har eit lager av gamle bøker som kan leverast. Ta kontakt for den årgangen du manglar.
Gåveabonnement – “Gje historia vidare”
Eit gåveabonnement på Dølaminne er ei personleg og unik gåve full av lokal historie, sterke forteljingar og kulturarv frå Hallingdal. Vi sender boka direkte til mottakaren – du vel berre årgangane. Perfekt til jul, bursdag eller som ei overrasking til nokon som set pris på ekte historier. Då du betalar – hugs å oppgje leveringsadressa til den som skal ha gåva.
Abonnement:
Du kan teikne deg som abonnent på årboka – det er det billegaste og du får boka levert i postkassa eller distribuert på annan måte frå ditt lokale historielag. Pris for 2026: Kr. 300,-
Abonnementsgåve:
Dersom du gir det som gåveabonnement så oppgjev adresse til den som skal ha gåva og merk bestillinga årsgaveabonnement for 2026 eller fleire år som det gjeld (t d 2026, 2027 etc). Pris for 2026: Kr. 300,-
Direkte kjøp:
Ved direkte kjøp hjå oss, frå lokalt historielag eller frå ein av våre utsalstader er prisen kr 375,00.
Ved forsendelse i post frå oss eller historielag vil postportoen komme som tillegg.
————————————————————————–
Abonnement kan tingast med e-post til post@dolaminne.no eller til ditt lokale historielag.
Du vil då få henvendelse om betaling via din bankonto – e-faktura eller autogiro. Eller benytt VIPPS.
Viktig!
Du må også oppgje din kontaktinformasjon eller betalingsmåte.
Enklast er det nok å bruke VIPPS – men hugs å legge inn di leveringsadresse i tekstfeltet. Bruk VIPPS nummeret.


